Om ossLevere varerBli frivilligKjøp her, hjelp derFinn din butikk
Finn din butikk
Nyheter
NMS Gjenbruk Volda i nye lokale

NMS Gjenbruk Volda i nye lokale

– Vi har fått ei auke både i sal og talet på frivillige, smiler styreleiar Marit Tjelle Drabløs.
Siv H. Undheim
Rådgiver NMS

I november flytta butikken vår frå sentrum i Volda og inn i nye lokale rett ved høgskuleområdet.  

Glede

– Det har vore stor entusiasme! Salet har blitt veldig mykje betre etter flyttinga. Sidan opninga har me auka salet med over 350 000 kroner, ei stor auke for oss, ivrar Marit.

STORE SMIL: Dei frivillege har god grunn til å smila. Foto: Irene Stavnem Sirnes

Ho held fram:

– Og like gledeleg er det at vi har fått seks nye frivillige etter flyttinga. Dessutan har alle møta vi har hatt i forkant og arbeidet vi har gjort resultert i større samhald i gruppa. Det er veldig kjekt!

Dei frivillige gjorde ein kjempejobb med flyttinga. Dei fekk også hjelp av andre som ikkje er aktive i butikkarbeidet elles.

Godt samarbeid

Ved sjølve flyttinga deltok fem tilsette frå administrasjonen.

FRIVILLEGE: Prising av varer er ei viktig oppgåve i butikken. Foto: Katrine Pensgård

– Dei tilsette, med Irene Stavnem Sirnes i spissen, var veldig flinke til å planlegge i forkant, sette opp butikken og lage utstillingar. Og vi frivillige var flinke til å sleppe taumane og la dei få bestemme. Samtidig lytta dei til innspel. Det var mykje vi kunne bidra med, vi også. Vi hadde det veldig hyggeleg, og det blei eit godt samarbeid, seier Marit.

– Ein skal ikkje være redd for forandring, det kjem alltid noko positivt utav det, meiner ho.  

Systasjon

Butikken har blitt veldig fin. Ekstra spesielt med butikken i Volda er at dei, som den første av NMS sine gjenbruksbutikkar, har systasjon!

Symaskinar står klare til bruk heilt gratis. Dei som vil kan kome og bruke symaskinane når butikken er open. Her kan du fikse klede du tek med heimanfrå, eller du kan sy om noko du finn i butikken.

Marit fortel også at dei håpar å få utvikle samarbeidet med studentane i området vidare, på ein eller anna måte. Det er eit stort og godt studentmiljø i Volda.

SYSTASJON: Her er ein student på plass ved systasjonen i gjenbruksbutikken.

Andre nyheter

Andre nyheter du kanskje også vil like å lese

Frivillige fra NMS Gjenbruk og spillere fra KFUM Oslo står sammen om felles verdier. (f.v.): Roger Tollefsen, Sverre Sandal, Bjørn Martin Kristensen, Mathias Tønnesen, Anne-Berit Lensebråten, Bjørn Vilberg og Niclas Schjøth Sømmen.Foto: Silje Løvdal

Mot samme mål

– Vi kunne ikke fått en bedre samarbeidspartner enn NMS Gjenbruk! Dette samarbeidet er helt gull, sier Trygve Nielsen, sponsorsjef hos KFUM-Kameratene Oslo.

Ryddige søstre hos NMS Gjenbruk Råde

– Vi har justert litt på prisene nå. Vi har faste priser på klær, men hadde ikke endret dem siden vi flyttet hit i 2016, sier Randi Haraldsen.

Raust fellesskap hos NMS Gjenbruk Ski

– Folk spør om å få jobbe hos oss, sier Arnhild Fossum, butikkleder i NMS Gjenbruk Ski, på spørsmålet om hvordan de rekrutterer nye frivillige.
Meny
HjemOm ossLevere varerBli frivilligKontakt
Meny
Våre butikkerKnausen LysstøperiNyheterKjøp her, hjelp derFor frivillige
Følg oss
Facebook
Instagram
LinkedIn
© 2025 NMS Gjenbruk. Alle rettigheter reservert. Made by Kulør AS
PersonvernerklæringInnstillinger for informasjonskapsler