NMS Gjenbruk samarbeider med VID

Tidlegare i haust tok Roman Reindal, driftsansvarleg og campusleiar ved VID Stavanger, kontakt med NMS Gjenbruk, fordi han synest berekraft og gjenbruk måtte få ein tydelegare plass på høgskulen.
VID Stavanger held til i same bygg som NMS sitt hovudkontor. Her er det utdanningar som vernepleie, ergoterapi og sosial berekraft, i tillegg til teologi. Dette er tidlegare Misjonshøgskolen.
– For meg er berekraft tett knytt til gjenbruk, seier han.
Roman kontakta derfor dagleg leiar i NMS Gjenbruk, Siri Lindtveit, med spørsmål om eit samarbeid.
Studentrom og berekraftarrangement
Kontakten resulterte i to konkrete tiltak. Det eine er at tilsette i NMS Gjenbruk har innreia eit rom på høgskulen med varer frå butikkane. Her er møblane fast utstilling, men klede, bøker og garnnøste er til sals.
Det andre tiltaket var at NMS Gjenbruk blei veldig synlege på VID Stavanger sitt berekraftarrangement den 3.-6. november. Då blei foajeen til VID fylt med kledestativ frå NMS Gjenbruk. Frivillige frå butikkane i Stavangerområdet kom og selde klede desse dagane.
Kjent i studentmiljø
– Vi gler oss til å sjå responsen frå studentane på dette, og synest det er eit spanande samarbeid. Det er viktig å få NMS Gjenbruk kjent i studentmiljø. Her har vi anledning til å vise fram fine varer, samt fortelje litt både om korleis vi driv og kvifor NMS driv gjenbruksbutikkar,smiler marknadsansvarleg Katrine Pensgård, og poengterer at dei er glade for at Roman kontakta nettopp dei når han tenkte på gjenbruk.
Viktig
Campusleiaren fortel at han også kjenner NMS Gjenbruk fordi svigerfaren er ivrig frivillig hos NMS Gjenbruk Hillevåg.
– NMS Gjenbruk handlar om så mykje meir enn gjenbruk. Eg ser jo kor mykje butikken betyr for svigerfar, seier han.
Andre nyheter
Andre nyheter du kanskje også vil like å lese


